Redegjørsel Åpenhetslova.

Redegjørelse etter Åpenhetsloven

Innleiing og struktur

Åpenhetslova skal fremja respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i næringslivet, og sikra tilgang på informasjon om korleis verksemder handterer risiko i eiga drift og i leverandørkjeda.

Som eit lite familieselskap med djupe røter i lokalsamfunnet på Møkster, er ansvarleg praksis og langsiktig tankegang ein del av identiteten vår.

Rapporten dekkjer aktiviteten i konsernet i 2025 og hittil i 2026, og er publisert i samsvar med åpenhetslova § 5. Rapporten er publisert på Langøylaks si heimeside og kan òg rekvirerast ved direkte førespurnad til selskapet.

Spørsmål om redegjørelsen kan rettast til Siv Ingerid Østervold på siv.ostervold@langoylaks.no.

Rapporten er delt inn i fire hovuddelar:

  1. Verksemd og verdikjede

  2. Korleis me arbeider

  3. Funn

  4. Tiltak

Vår verksemd og verdikjede

Langøylaks AS er ei familiebedrift med hovudkontor på Møkster 53A, 5387 Møkster i Austevoll kommune. Selskapet vart stifta i 1980, har tre matfiskkonsesjonar og driv oppdrett av atlantisk laks i sjø – i hovudsak i Austevoll, men òg i Nordfjord i samarbeid med Havkar Drift. Langøylaks har 9 fast tilsette og to lærlingar. Laksen vert seld til eksportør for vidare distribusjon, hovudsakleg til marknader i Europa.

Langøylaks verdset høgt lokal verdiskaping i distriktet, og mange av leverandørane våre er tilknytte den geografiske regionen me er ein del av.

Langøylaks er medeigar i Salmon Group, eit nettverk for små og mellomstore oppdrettarar i Noreg. Salmon Group forhandlar fram felles avtaler for eigarane, og desse gjeld i hovudsak innkjøp av fiskefôr, vaksinar og rogn. Det betyr at Salmon Group sine leverandørrelasjonar i stor grad er dei same som Langøylaks sine. Gjennom Salmon Group sine rammeavtaler vert det handla over 200 000 tonn fôr årleg, noko som gjev nettverket ein reell moglegheit for påverknad i leverandørkjeda. Salmon Group gjennomfører aktsemdvurderingar av leverandørane dei framforhandlar avtaler med på vegne av eigarane, og Salmon Group sitt arbeid er difor ein integrert del av Langøylaks si eiga oppfylling av pliktene etter åpenhetslova. Salmon Group sin eigen rapport finn ein på www.salmongroup.no.

Korleis me arbeider med menneskerettar

Respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold er forankra i Langøylaks si styring og risikostyring.

Styret vedtok verksemda sin etiske standard (Code of Conduct) i styremøte 06.09.2023. Denne skal sikra ansvarleg åtferd for alle tilknytt selskapet, uavhengig av rolle, og skisserer forventningar til leverandørar og samarbeidspartnarar.

Selskapet har ein eigen rutine for gjennomføring av aktsomhetsvurderingar og ein policy for menneskerettigheiter som til saman utgjer det operative grunnlaget for selskapet sitt arbeid etter åpenhetslova. Rutinen for aktsomhetsvurderingar skildrar korleis selskapet gjennomfører vurderingane etter åpenhetslova § 4 og korleis den årlege redegjørelsen etter § 5 vert utarbeidd, med mål om å avdekke, førebyggje, avgrense og gjere greie for faktiske og potensielle negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold knytt til leverandørkjeda og forretningsforbindingane. Arbeidet fylgjer OECD sin modell for aktsemdvurderingar og er tilpassa verksemda sin storleik, art og kontekst, jf. åpenhetslova § 4.

Policyen for menneskerettigheiter utfyller dette ved å fastsetje at selskapet skal opptre ansvarleg og bidra til å førebyggje, redusere og handtere negativ påverknad på menneske som følgje av verksemda, leverandørkjedene og forretningsforbindingane. Selskapet aksepterer ikkje brot på grunnleggjande menneskerettar, og der det ligg føre forhøgd risiko for negativ påverknad, skal det setjast inn tiltak for å førebyggje, redusere eller stanse slik påverknad.

Retningslinjene er gjort kjende for alle tilsette og ligg tilgjengelege i internkontrollsystemet InControl. Ansvaret for aktsemdvurderingane ligg hos kvalitetsleiar i samarbeid med dagleg leiar, og styret har det overordna ansvaret.

Langøylaks nyttar, saman med Salmon Group, ei digital plattform frå Ignite Procurement AS for handtering av sosial risiko i leverandørkjeda. Plattforma gjev ei systematisk oversikt over fyrsteleddsleverandørar og underleverandørar med innleiande risikoprofil (låg, middels eller høg) basert på geografi og bransje. Profilen vert justert i takt med leverandørdialog, dokumentasjon og revisjoner. Tiltak vert prioriterte der alvorsgraden er størst og moglegheita for positiv påverknad er høgast.

Langøylaks er GLOBALG.A.P-sertifisert (inkl. GRASP) under akvakulturstandarden. GRASP-delen sikrar at verksemda etterlever ILO sine kjernekonvensjonar for menneskerettar, og vert kontrollert under ekstern revisjon kvart år.

Gjennom interne retningslinjer for varsling og selskapets Code of Conduct, vert tilsette og leverandørar oppmoda til å varsla om moglege brot på menneskerettar eller anstendige arbeidsforhold. Varsling kan skje skriftleg, munnleg eller anonymt. Alle innkomne bekymringar vert handsama, vurderte og fylgde opp av leiinga, og varslar er verna mot gjengjelding.

Funn

Eiga verksemd

Det er ikkje identifisert alvorlege eller systematiske brot på menneskerettar eller anstendige arbeidsforhold i eiga verksemd. Langøylaks nyttar i all hovudsak eiga fast tilsett arbeidskraft i produksjonen, alle tilsette har arbeidskontraktar i samsvar med norsk lov, og verksemda vert revidert årleg av ein akkreditert aktør etter GLOBALG.A.P/GRASP-standarden. Langøylaks har eit særleg fokus på å avgrense bruk av innleigd arbeidskraft så mykje som mogleg.

Arbeidstakarar i verdikjeda

Langøylaks hadde kommersielle relasjonar med 186 fyrsteleddsleverandørar i rapporteringsåret. Dei fleste er lokaliserte i Noreg, men fleire har underleverandørar i høgrisikojurisdiksjonar. Ingen alvorlege eller systematiske brot er avdekka gjennom aktsemdvurderingane. Likevel er det identifisert vedvarande og reell risiko i delar av verdikjeda – særleg knytt til fôrråvarer. I 2025 vart fôr prioritert som høgrisikokategori, og Salmon Group gjennomførte på vegne av Langøylaks og andre eigarar fleire konkrete undersøkingar.

Fôr

Kategorien fôr har høgast ibuande risiko for brot på arbeidstakar- og menneskerettar, då råvarene fôret består av vert handla globalt i ei kompleks verdikjede. Internasjonale data viser at landbruk, skogbruk og fiskeri er blant dei sektorane med høgast risiko for menneskerettshetsbrot globalt. Det gjeld særleg risiko for barnearbeid, tvangsarbeid og moderne slaveri, noko som gjer det til ein prioritert del av aktsemdvurderingane våre.

Fyrsteleddsleverandørane våre av fôr arbeider etter prinsippa i «ASC Feed Standard» og har kvalitetssystem som sikrar tett oppfølging av underleverandørar og råvareprodusentar. I ASC Feed - standarden stiller mellom anna ansvarleg råvareinnkjøp, sporbarhet og sosiale forhold. Sertifiseringa vert vurdert som eit viktig risikoreduserande tiltak, men erstatter ikkje Langøylaks sin eigen aktsemdvurderingar eller tronga for oppfølging av råvarer og leverandørkjeder med forauka risiko.

Særleg om marine råvarer

Marine råvarer i fôret er blant anna fiskemjøl, fiskeolje, krillmjøl og krabbemjøl. Disse råvarene er knytte til risiko for IUU-fiske, menneskehandel og dårlege arbeidsvilkår. Alle marine råvarer i fôret skal derfor vera sertifiserte av MSC, MarinTrust eller knytte til eit FIP-prosjekt.

I 2025 gjennomførte Salmon Group, i samarbeid med BioMar, fysiske revisjoner hos tre produsentar av marine ingrediensar – éin i Peru og to i Chile. Det samla inntrykket var positivt, med gode sporbarheitssystem og open dialog om utfordringar. Revisjonane avdekka likevel vedvarande risikoar: avgrensingar i sporbarheit ned til fartøynivå i kjeder med små, kystnære fiskebåtar, kjønnsmessig skeivheit i maritime roller, og – særleg i Peru – eit generelt korrupsjonsrisikobilete (Corruption Perceptions Index-score: 30 i 2025, det lågaste sidan 2012). Det vart ikkje avdekka dokumenterte brot. Kategorien forblir klassifisert som høg risiko.

Særleg om vegitabilske råvarer

Soya frå Brasil er knytt til risiko for avskoging, dårlege arbeidsforhold og negative konsekvensar for urfolk. For å redusera risikoen skal all soya i fôret vera avskogingsfri, GMO-fri og ProTerra-sertifisert. I 2025 var 100 % av brasiliansk soya ProTerra-sertifisert.

Som del av aktsemdvurderingane har Salmon Group i 2025 gjennomført direkte dialog med leverandørar og berørte interessentar, mellom anna ei urfolkgruppe i Xingu-reservatet i Brasil – ei gruppe med særleg sårbar posisjon knytt til soyaproduksjon i regionen. Fleire gardar viste eit høgt modningsnivå i berekraftsstyring. Samstundes avdekka dialogen med urfolk alvorlege bekymringar knytte til miljøforringing, press på landområde, vassfureining og manglande formelle klagemekanismar. Funna viser at eksisterande aktsemdssystem ikkje gjev tilstrekkeleg innsikt i samla påverknad på landskapsnivå nær verneområde og urfolksterritorium. Det vart ikkje avdekka dokumenterte direkte brot. Risikoen vert likevel vurdert som vesentleg.

Salmon Group har òg identifisert forhøga risiko knytt til guar (India), kveitegluten (Kina) og visse leverandørar i Ukraina som følgje av den pågåande konflikten. Full dokumentasjon for desse kategoriane er enno ikkje på plass, og arbeidet held fram i 2026.

Tiltak og vegen vidare

Eiga verksemd

Langøylaks held fram arbeidet med HMS og opprettheld GLOBALG.A.P/GRASP-sertifiseringa som eit sentralt risikoreduserande tiltak. Det vert arbeida kontinuerleg med å heva kompetansen internt knytt til ansvarleg innkjøpspraksis.

Arbeidstakarar i verdikjeda

Krav i avtaleverket og leverandørdialog er dei viktigaste verktøya for å avhjelpe risiko i verdikjeda.

Langøylaks har utfrå ei risikovurdering valt ut dei mest relevante leverandørane til å gje leverandørerklæringar om sitt arbeid med grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Slik vil Langøylaks få eit meir systematisk informasjonsgrunnlag om korleis leverandørane oppfyller sine forpliktingar på dette området.

For leverandørar med middels risiko vert det gjennomført ei samla årleg gjennomgang. Der revisjonane og feltsøka har avdekka konkrete risikoar, vert det sett i verk oppfølgingstiltak.

Per no har Langøylaks, saman med Salmon Group, iverksett følgjande tiltak:

  • For marine råvarer: vidareføring av fysiske revisjonar, styrka sporbarheit ned til fartøynivå og tettare leverandørdialog.

  • For vegetabilske råvarer: krav om sporbarheit på gardsnivå og polygondata, kartlegging av gardslokalitetar opp mot urfolksterritorium og elvesystem, og dokumentasjon av plantevernmiddelbruk og vatnovervåking. Kravet om polygondata og sporbarheit på gardsnivå for brasiliansk soya forventast å gje betre innsikt i om produksjonen skjer på areal som er innanfor akseptabel avstand frå urfolksterritorium og sårbare elvesystem, og vil danne grunnlag for framtidige innkjøpsbeslutningar.

  • Følgje opp gjenståande aktsemdsgap knytte til indirekte leverandørar og strukturerte dialogmekanismar med røyrde lokalsamfunn.

Utfrå dette arbeidet vert det utarbeidd jamlege framdriftsplanar.

Denne redegjørelsen er handsama og godkjent av styret i Langøylaks AS i styremøte den 26.6.2026 og styret vedkjenner seg herved selskapets forplikting til ansvarleg næringspraksis i samsvar med åpenhetslova § 5.